Forsiden>Artikler>Kveldsgudsteneste i Sand kyrkje
Kveldsgudsteneste i Sand kyrkje

Kveldsgudsteneste i Sand kyrkje

VENNSKAP PÅ TVERS
Tekstane i kyrkja på denne fastelavnsøndagen handlar om kjærleik og fellesskap. Same veke har butikkane vore fulle av raude og rosa hjartegreier til Valentinsdagen, ei tilsynelatande feiring av lukkelege parforhold. Men andre stader i verda inkluderer denne «kjærleiksdagen» ei feiring av vennskap. Bør vennskap få ein høgare status på «kjærleiksrangstigen»? Kvifor er vennskap ofte vanskeleg? Og korleis kan me få meir av det – i vårt eige liv, i kyrkja, i verda eige liv – særleg når me er ulike og usamde? Og kva har Gud med dette å gjera?

Kveldsgudsteneste i Sand kyrkjeTone Leksbø Walgermo

Dialogprest i Areopagos, Ann Kristin van Zijp Nilsen, preikar om vennskap og kjærleik, og har gudsteneste saman med sokneprest Asbjørn Salthe. Alle er velkomne til å delta i samtale om temaet under kyrkjekaffien etterpå. Enkel servering i kyrkjebenkene.

Ann Kristin van Zijp Nilsen
Publisert 16.01.2023
Powered by Cornerstone